Å røyke cannabis som ei jente

Det har vorte hevda at kulturen rundt cannabisbruk er “mjukare” og at kvinner og menn er meir likestilte innanfor cannabisbrukande fellesskap enn det vi ser i andre ruskulturar. I to norske studiar av erfarne cannabisbrukarar, har vi sett på korleis kjønnstradisjonelle oppfatningar av korleis kvinner og menn brukar cannabis, både vert gjenskapte og utfordra.

 Av dei beste venninnene mine er det vel ingen som er noko særleg til røykarar (..) [Dei er] kanskje  med på det på et nachspiel i ny og ne. Men dei har ikkje kjærastar som røyker, og det er jo det som gjer at eg opprettheld ein liten vane på det. 

 

I dette sitatet, og i mange av intervjua, vart kvinner plasserte i bakgrunnen i forteljingane om cannabisbruk. Dei kvinnelege deltakarane kopla ofte forteljingane sine om cannabisbruk til menn; dei  vart introduserte for cannabis gjennom ein mannleg kjærast eller venn, dei røykte som oftast i selskap med menn, og dei kjøpte sjeldan cannabis sjølve. Kvinner sin cannabisbruk vart dermed ofte skildra som avhengig av andre, og som mindre viktig for dei enn for deira mannlege motstykke.

 

Medan menn ofte vart tildelt sentrale posisjonar i dei kvinnelege brukarane sine forteljingar, hadde kvinner knapt nokon plass i mennene sine forteljingar om cannabisbruk.

 

Medan menn ofte vart tildelt sentrale posisjonar i dei kvinnelege brukarane sine forteljingar, hadde kvinner knapt nokon plass i mennene sine forteljingar om cannabisbruk. Cannabisbruk vart i stor grad beskrive som ein mannleg aktivitet; det var primært noko dei gjorde saman med andre menn. Når mennene vart spurt direkte om dei kjente kvinnelege brukarar, kom dei likevel på nokre. Noa fortalte om ei i venninne som var ein «ivrig» brukar:

 

 

Ho var eit veldig klart unntak, men ho var ein veldig stor del av den introduksjonen av røyking som ein kvardagsleg ting. (..) Ho røykte på eiga hand, og ho kom liksom… Så ho var ein ivrig gut; ho hadde rolla som ein av dei ivrige gutane, for å seie det sånn.

I: Men kvifor trur du det er slik med jenter? Kvifor har dei vanlegvis ikkje den same rolla som gutar i røykehistoriene?

Eg veit då faen, eg. Jenter blir meir stressa for framtida. Jenter er meir bekymra (..) Eg trur dei har lettare for å la dei negative sidene slå inn. Men eg har gutevennar også, som har det på den måten. Eg har ein god venn, blant anna, som har litt sånn jenteforhold til røyking. Han røyker når andre gjer det; han kan røyke litt sånn motvillig, nærmast, men gjer det av og til. (..) For ei veke sida, så røykte han for seg sjølv og «bæda», liksom. Syntest dette her var vanskelig; måtte gå seg en tur, begynte å tenke og sånne ting. Som eg aldri har opplevd, liksom. Men eg trur jentene bekymrar seg meir for ting. Så dei som tilhøyrer den streite sida av det, stressar seg sjølv meir for det i ettertid. Og undervegs også, så har dei vanskelegare for å berre gi litt faen og la det suse og gå.

 

 

Sjølv om sitatet over er meint som eit bevis for at kvinner kan delta i cannabisbrukande fellesskap på lik linje som menn, illustrerer det også at det er sterke oppfatningar om kva som er typiske måtar for kvinner og menn å forholde seg til cannabis på. Kvinner brukar sjeldnare, bruken deira er avhengig av andre sin bruk, og dei har mindre eigenmotivasjon for å røyke. Dei vert også beskrivne som mindre kompetente brukarar. Det at kameraten har eit «jenteforhold» til cannabis, inneber at han ikkje greier å handtere rusen. Det å bli bekymra og tenkje for mykje medan ein er ruspåverka, er «jentete».  Vidare er det å vere jente og det å vere «streit» kopla saman, og «streite» jenter er dei som i hovudsak har problem med å gje slepp på kontrollen og gje seg over til rusen. Dei manglar det Haines og kollegaer (2009) beskriv som «masculine coolness» i tilknyting til cannabisbruk. 

 

Kjønnstradisjonelle oppfatningar blir utfordra

Sjølv om dei kjønnstradisjonelle forteljingane om kvinner sin cannabisbruk var dei vanlegaste, handla og snakka kvinnene av og til på måtar som kan koplast til maskulinitet. Sara fortalte til dømes at ho alltid var den som rulla jointane til venninnene sine når det ikkje var menn til stades. Det å vere god til å rulle jointar vart sett på som utypisk for jenter, og ho syntest derfor det var «kult» å kunne det, og det gav henne truverdigheit blant andre brukarar. For henne vart det å aktivt søke denne ferdigheita eit småskalaopprør mot tradisjonelle forventingar til kvinner og menn. Ragnhild var endå mindre typisk, fordi ho i tillegg til å vere cannabisbrukar også selde stoffet. Det å vere den einaste kvinnelege dealeren i nettverket sitt var ein viktig del av identiteten hennar. Ho syntest det var ekstra kult når ho som kvinne kunne forhandle cannabis av god kvalitet, og dette var eit omdømme som ho var oppteken av å ta vare på. Ragnhild var også stolt av å vere ein kompetent røykar som kunne «røyke huet av de fleste». Dette kunne gje respekt.

Cannabisbruk kan dermed sjåast på som ein måte å utfordre oppfatningane om kva som passar seg for kvinner, og i intervjua med mannlege brukarar gjekk det fram at dette vart sett pris på. Ole understreka at i den grad han vurderte kvinner som røykte cannabis annleis enn menn som røykte, var dette ei oppvurdering:


Og kanskje er det kult særlig fordi jenter oftere enn gutter får det der hjemmefra, eller gjennom hele sitt liv, at kvinner skal være annerledes enn gutter, og gutter får lov til ditten og datten og det er de som er ute og raser fra seg, mens jentene skal kle seg pent og føye seg litt mer. Og hvis da en jente drar opp noe som da forbindes – ikke bare en machogreie, men litt med det der å si fuck off til konvensjonene, så er det et ekstra stort pluss. 

 

 

I følgje Ole spelte kvinnelege brukarar ut ei form for maskulinitet som står i opposisjon til kjønnskategorien deira. Det å vere ein ivrig cannabisbrukar var koda som maskulint, og viss kvinner kravde denne posisjonen var det uventa og kult.

 

Ein «mjukare» variant av maskulinitet

Ut i frå intervjumateriala våre meiner vi å sjå at cannabis, i likskap med mange andre rusmiddel, er maskulint koda. Likevel er den forma for maskulinitet som er knytt til cannabisbruk forskjellig frå den hardare protestmaskuliniteten som ofte vert skildra i tilknyting til bruk av alkohol og illegale stoff. Den forma for maskulinitet som omgjev cannabisbruk i våre data kombinerer i staden nordisk likestillingsideologi med ei verdsetting av avslapping, leik og det å ikkje ta ting så alvorleg. Den handlar også om ein protest mot det kjønnsforskaren R.W. Connell (2005) kallar "masculine striving"; strevet etter suksess i majoritetskulturen. Det å lukkast i utdanning og arbeidsliv kan både vere akseptert og verdsett innanfor denne nye maskulinitetsforma, men det å streve etter suksess vert sett ned på. Det å vere ung, fri og å råde over seg sjølv vert idealisert, medan det å vere etablert, "satt", lydig og konform vert nedvurdert. Individet sin rett til å bestemme over seg sjølv er i sentrum for denne maskulinitetsforma, og så lenge ein gjer noko av eigen, fri vilje, er til og med konforme livsval akseptable.


...den forma for maskulinitet som er knytt til cannabisbruk [er] forskjellig frå den hardare protestmaskuliniteten som ofte vert skildra i tilknyting til bruk av alkohol og illegale stoff. 

 

Vi har såleis å gjere med ei mjukare, meir likestillingsorientert og ikkje-konkurranseprega form for maskulinitet som kan lesast som ein protest både mot konkurranserettinga i hegemonisk maskulinitet, og valden og sexismen i protestmaskulinitetar. Dette gjer den til ei form for maskulinitet som lettare kan praktiserast av kvinner også; Kvinner kan ta del i cannabisbrukande fellesskap og i cannabisøkonomien, og dei kan bruke cannabis på same måte og i same grad som menn. Likevel vart det framheva at kvinner handla atypisk for sin kjønnskategori når dei gjorde dette, og dette kan forklare kvifor kvinner i hovudsak praktiserte meir tradisjonelle feminitetar i sine fortellingar om cannabisbruk. 

Silje Louise Dahl
Førsteamanuensis i sosiologi ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie

Publicerad 15.12.2015

Senast uppdaterad

2017-11-22

Nordens välfärdscenter | tel: +46 8 545 536 00 | | En institution under Nordiska ministerrådet